Helten 4:05
Det va eg så drepte dragen
det va eg så satt folket fri
under festen glømt’ eg å nevna
at dragen va rein fantasi
Det va meg på den kvite hesten
så sterk og modig og rein
det va eg så gjekk boms i bakken
på grunn av ei malplassert grein
Alle lo og godta seg
helten va ein tosk
dei såg han skamfull dra sin veg
prinsen va ein frosk
Eg drog så långt inn i skogen eg kom
långt vekk og långt, långt bort
skamfull og bitter på folket
som va i stand te å glømma så fort
Eg gjor’ meg te venn med tusser og troll
og blei full av nøkkens mjød
eg dansa med hekser og huldrer
og bada i deiras skjød
Alle lo og godta seg
helten va ein tosk
dei hørte han skryta og briska seg
prinsen va ein frosk
Så ein dag eg trudde va dommedag
fekk eg besøk av den gode fe
hu såg på meg lenge og ga meg et kyss
før hu begynte å le
Hu sa; ”det e ein fest å syns synd på seg sjøl
men grenså går vel et sted
nå får du’kje vær’ i skogen vår mer
du får dra dit du hørre te”
Alle lo og godta seg
helten va ein tosk
dei såg han skamfull dra sin veg
prinsen va ein frosk
Hu sa: ”gi blaffen i den du trudde du va
og vær bare den du e
gjør det du kan – bruk det du har lært
eg vet du kan få det te
Så nå sitte eg her på torget i byen
og e ein velansett mann
eg fortelle historier og eventyr
for det e noke eg kan
Eg hørre dei le og skratta
øve helten så va så dum
Ett av poengå e enkelt å fatta
det e tåpent å lata som om