Bjørn Eidsvåg

Tilbake til «Far faller»

Chelsea

tausheten veide fleire tonn
kuldå satt i marg og bein
far sitt fall hadde gjort det sånn
mor bare grein og grein
ord gjorde bare vondt verre
her råda anger og forakt
ikkje eingong Vårherre
konne ha gjenskapt kontakt
tausheten veide fleire tonn

barnet kjente sorg og lammande frykt
alt va i ferd med å forsvinna
ingenting va lenger i nærheten av trygt
koss konne solå fortsatt skinna
å se dei store bli bittesmå
gjør ein liten så vondt
det lar seg simpelthen ikkje forstå
alt va i ferd med å gå sondt
barnet kjente sorg og lammande frykt

her var det ingen plass for kjeft
barnet var mimikklaust og stille
men med barnets kløkt, og barnets teft
gjorde hu under, den lille
hu visste ikkje nåke om kor det bar
men ga dei begge ei hånd
først ei til mor, og så ei til far
sånn blei hu ei bru – og et bånd
sånn blei barnet ei bru og et bånd

så uskyldige og lojale
så naturlige og geniale
det e sjølva livet det står om for dei
måtte det alltid gå barnas vei

hu visste ikkje nåke om kor det bar
men ga dei begge ei hånd
først ei til mor, og så ei til far
sånn blei hu ei bru – og et bånd
sånn blei barnet ei bru og et bånd