Bjørn Eidsvåg

Tilbake til «De beste»

Du tok ikkje auene dine frå meg 4:00

Eg såg deg komma
Eg såg du va’ rein
Eg blei heilt ifrå meg
forbanna deg og grein
Eg hadde bedt og ropt så lenge
Kvifor kom du ikkje før
Nå va’ det for seint
eg hadde bolta mi dør
Eg va’ ei statue med hjarta
som banka i granitt
Berre steinur og ørken va'
landskapet mitt

Du tok ikkje auene dine frå meg
Du såg te det sprang vatten fram frå stein
Eg kviskra: Du må ikkje gå ifrå meg!
Du tok meg tett inn te deg og grein
Du grein

Eg vet’kje ka eg fant
Eg vet’kje ka eg fekk
Sjøl om eg blei trist
va’ eg heil då du gjekk
Eg hadde sett eit glimt av himmel,
men eg kjente lukt av jord
og forsto at mårådagen
alt bere’ dine spor
Eg fekk pusta i din nåde
Eg fekk evne te å sjå
ditt bilde i min neste
Eg fekk mot te å gå

Du tok ikkje auene dine frå meg
Du såg te det sprang vatten fram frå stein
Eg kviskra: Du må ikkje gå ifrå meg!
Du tok meg tett inn te deg og grein
Du grein

Der tårene dine møtte jord
vaks ei rosa, vaks ditt ord.
Du sa: Ta imot gåva, bror
Då du gjekk va’ det strimer
av blod i ditt spor