Bjørn Eidsvåg

Tilbake til «Bakerste benk»

Du har eit liv 2:19

Du har eit liv som er verd å leva
same kor mørkt det ser ut.
-ein kamp som er verd å streva.
ein kamp du vil vinna til slutt,
om berre du ser den gåva
som Herren vil gjeva til deg.
Gjer du det, så har Skaparen lova
å leida deg fram på din veg.
Gjer du det, så har Skaparen lova
å leida deg fram på din veg

Den gåva er Kristus åleine.
Han er overalt der du fer.
Dine hender treng ikkje ver reine,
han elskar deg slik som du er.
Så lat ikkje skatten få liggja,
den venaste skatten på jord,
du treng ikkje trygla og tiggja,
du får han på Herren sitt ord.
For så høgt har Gud elska verda
at han gav oss sin eigen son,
og kvar den som trur skal få leva
og gå inn i Guds Heilagdom
og kvar den som trur skal få leva
og gå inn i Guds Heilagdom